OLE  GUNNAR  HEGLE  TIL  ULSTEINVIK BEDEHUS

Torsdag 24.september kl. 19.00

Komande torsdag kveld får Ulsteinvik bedehus besøk av Ole Gunnar Hegle. Han er ein av dei unge og nye forkynnarane i Misjon Sarepta. Hegle er frå Nærbø på Jæren, men bur no i Kristiansand. I tillegg til å forkynne Guds Ord  er han kjend som ein dyktig songar og pianist. Denne kvelden vil han også spele panfløyte.Sjå annonse i Vikebladet i dag!

Det er Misjon Sarepta som arrangerer møtet. Denne misjonsorganisasjonen arbeider i hovudsak i Spania, men har også forkynnarar som reiser rundt i dei nordiske landa. Formålet er å forkynne evangeliet slik at fleire kan få høyre den gode bodskapen om Jesus Kristus.

Misjon Sarepta