Månedlige arkiver: mai 2026

FORMIDDAGSTREFFET SIN TUR TIL ÅLESUND OG SJØHOLT ONSDAG 3.JUNI KL.8.30

Viktig informasjon til deltakarane på formiddagstreffet sin busstur til Ålesund og Sjøholt, onsdag 3.juni kl.8.30: Grunna rushtrafikken og vegarbeid i Vegsund og på Lerstad vil bussturen onsdag 3.juni starte frå Ulsteinvik bedehus kl.8.30.MERK TIDA!

Det er viktig at vi møter presis! Ta med kle som passar til veret! Vi vil vere i den same bussen heile dagen så vi kan ha kle og veske liggande i bussen dersom vi ønsker det.Vi skal ha to måltid under turen, men det første måltidet er ei enkel servering slik at det kan vere fornuftig å ha med i veska ei lita niste og ei flaske med vatn.

Turen kostar 800 kroner per person. Betalinga kan sendast til Ulsteinvik Indremisjon sin konto: 4137.30.22703. Vi bruker ikkje vipps denne gongen. Er noko uklart, ring 48304584

Ulsteinvik Indremisjon

Pinsemøte

I fleire år har Ulsteinvik bedehus arrangert ei pinsesamling i
Ulsteinvik bedehus 2.pinsedag om formiddagen. I år får vi besøk av ein ung talar frå Ålesund. Han heiter Christian Frøystad, opprinneleg frå Frøystad i Herøy. Denne måndagen blir det også søndagskule, nattverd og servering.Sjå annonse i Vikebladet i morgon, fredag. Vel møtt til samling om pinsa sin bodskap.

         Ulsteinvik Indremisjon