Stikkordarkiv: Misjonskveld

Misjonskveld på bedehuset søndag 26.januar

Kvinne sikter mel. Foto. NLM/ Marius Bergesen

Kveldsmøtet er kl 19.30 og talar er Steinar Dimmen.

Det blir også nytt frå arbeidet i Indonesia. I Indonesia er det 234 unådde folkegrupper. NLM arbeider mellom to av desse folkegruppene, som er omlag 5,5 millionar menneske. På grunn av sikkerheit, kan vi ikkje gi opp namn på desse gruppene, eller kvar utsendingane bur.

Mykje av NLM sitt arbeid i Indonesia er særleg retta mot barn. Det gjeld ikkje minst i det evangeliske arbeidet, for sjølv om Indonesia har fleire millionar kristne og mange levande kyrkjesamfunn, er det stadig behov for opplæring og støtte til barne- og ungdomsleiarar. I tillegg driv NLM bistandsarbeid og business as mission i form av hotelldrift/reiselivsverksemd.

Kom og høyr meir om dette på møtet ! Alle er vel møtt !