Stikkordarkiv: Indremisjon

Info

Etter at vi har hatt møtepause i veke 46 og 47 blir bedehuset opna for møte igjen frå og med måndag 23.november. Dette skjer etter tilråding frå Indremisjonsforbundet sentralt. Alle møte vil skje i samsvar med smittevernreglane. På møteplanen finn du opplysningar om møta i bedehuset resten av dette året.

Møter avlyst

Grunna korona-pandemien blir det ikkje møte i bedehuset til og med søndag 22.november, men Davids Grotte, onsdag 11.november og Ungdomsgruppa, onsdag 18.november blir gjennomført i samsvar med smittevernreglane.

Når det gjeld møte etter 22.november, vil vi kome tilbake med informasjon,

Styret i Ulsteinvik Indremisjon

Søndag11

Det blir samling i Ulsteinvik førstkomande søndag. Då får vi besøk av Helge Åkernes.
Han har vore leiar for søndagsskule og barnearbeidet/ leirarbeidet på Sunnmøre. Han har lang erfaring i arbeid blant barn og unge, og Helge har også vore tilsett ved Ålesund folkehøgskule tidlegare. Han arbeider no for organisasjonen «Åpne dører», og han er lokal kontaktperson for KRIK på Nordvestlandet.
På søndagssamlinga i bedehuset vil han tale og fortelle frå bibel-historia til alle, både barn og vaksne.
Spennande aktivitetar blir det også, sidan Helge Åkernes er kjend for å vere ein svært kreativ fyr.

På Søndag-11 vil det også bli mykje sang og musikk.
På bildet: Helge Åkernes som både er kontakt for KRIK på Sunnmøre og som jobber for « Åpne Dører»

Etter programmet vil det bli servering og god tid til mat og prat. Misjonsgåva denne søndagen vil bli samla inn til Sunnmøre Indremisjon.
Ulsteinvik Indremisjon ønsker små og store vel møtt til søndagens familiemøte.

Sjå elles annonse og plakater.

Arrangør: styret i Ulsteinvik Indremisjon