Stikkordarkiv: familiemøte

Ulsteinvik bedehus 100 år

I dag er det 100 år sidan Ulsteinvik bedehus vart innvigd. 5.februar 1921 var vigslingsdagen  for det nye bedehuset.

Det gamle bedehuset var vigsla i oktober i 1876. Det var det første bedehuset som blei reist på bygdene på Sunnmøre .Før dette samlast dei nye kristne i heimane, men då husa blei for små, blei bedehuset bygd. Ulsteinvik Indremisjon vart skipa 5.august 1883.

Vi hadde planlagd ei feiring av 100 – års – jubileet denne helga, men korona-epidemien har gjort at dette må utsetjast. Vi ser fram til å ha ei markering av jubileet på seinsommaren.

Etter jul har møteaktiviteten i bedehuset vore sterkt avgrensa, med det er tillatt å samle 10 personar til møte. Dersom det kjem fleire, kan vi samlast i ulike rom. Kvar tysdag framover har vi samlingar om bibel og bønn.

Det er tillatt med samlingar for barn og ungdom under 20 år . Onsdag 10.februar har ungdomsgruppa samling(frå 8.klasse og oppover), og det er møte i Davids Grotte(5.-7.klasse) onsdag 17.februar.

Vel møtt i Ulsteinvik bedehus

Søndag11

Det blir samling i Ulsteinvik førstkomande søndag. Då får vi besøk av Helge Åkernes.
Han har vore leiar for søndagsskule og barnearbeidet/ leirarbeidet på Sunnmøre. Han har lang erfaring i arbeid blant barn og unge, og Helge har også vore tilsett ved Ålesund folkehøgskule tidlegare. Han arbeider no for organisasjonen «Åpne dører», og han er lokal kontaktperson for KRIK på Nordvestlandet.
På søndagssamlinga i bedehuset vil han tale og fortelle frå bibel-historia til alle, både barn og vaksne.
Spennande aktivitetar blir det også, sidan Helge Åkernes er kjend for å vere ein svært kreativ fyr.

På Søndag-11 vil det også bli mykje sang og musikk.
På bildet: Helge Åkernes som både er kontakt for KRIK på Sunnmøre og som jobber for « Åpne Dører»

Etter programmet vil det bli servering og god tid til mat og prat. Misjonsgåva denne søndagen vil bli samla inn til Sunnmøre Indremisjon.
Ulsteinvik Indremisjon ønsker små og store vel møtt til søndagens familiemøte.

Sjå elles annonse og plakater.

Arrangør: styret i Ulsteinvik Indremisjon