Stikkordarkiv: Bedehuset

Avlyste møter nå i disse koronatider

Alle møte i Ulsteinvik bedehus er avlyste til og med 14.april. Også Ordet og Israel-helga i Fosnavåg i palmehelga er avlyst.

Mange gode andakter kan finnast på preik.tv og misarepta.no

Info på nettsider

Vi vil i neste veke vurdere om vi må avlyse vidare utover våren. Her må vi vente til vi får meir informasjon frå styresmaktene.
Det er viktig å følge med på dei to sidene til Ulsteinvik bedehus: www.ulsteinvikbedehus.no    og facebook-sida vår.

Kolekt
Vi minner om at dei ulike organisasjonane no ikkje får inn kolllekt slik at det er viktig at vi no sender inn gåver .
Kontoen til Ulsteinvik bedehus er: 4137.30.11434

Kontoen til Ulsteinvik Indremisjon er: 4137.30.22703

Vipps er 118691

Bibellesning

Vi vi også minne om at fleire av organisasjonane har lagt ut bibeltimar og møte på nettet som vi kan høyre på.
Vi les ofte  Salme 91 i Bibelen. Salmen handlar mellom anna om vern mot pest. Det er viktig at vi bed for kvarandre og folket.

Formiddagstreff med Radio Sunnmøre

Torsdag 5.mars kl.11.00

Oddveig og Kolbjørn Molnes skal delta på formiddagstreff i Ulsteinvik bedehus torsdag. Dette blir eit skikkeleg « radio-aktivt» formiddagstreff!

Oddveig Molnes har vore programleiar i nærradioen i fleire tiår, og denne kjende radiostemma er altså stemma til ei smilande og engasjert dame. Oddveig syng nydeleg, og både ho og mannen Kolbjørn er ofte rundt på møter og samlingar.

Mange frå søre Sunnmøre kjenner begge to, og vi ser fram til mykje god sang og musikk og inspirerande forkynning.

Nydeleg gospel og piano eller gitar høyrer saman med denne duoen.Oddveig og Kolbjørn Molnes er engasjerte og aktive pensjonistar, og Oddveig tek fortsatt oppdrag for Radio Sunnmøre. Ho er i studio både titt og ofte. Ho har alltid gode historier på lur, og mykje god humor.

På formiddagstreffet i Ulsteinvik bedehus vil Oddveig og Kolbjørn både tale og synge og spele piano. Dei kjem til å fortelle siste nytt frå arbeidet i Radio Sunnmøre. Det blir god tid til mat og prat og utlodning. Inntektene av loddsalget går til drifta av nærradioen.

Styret i Ulsteinvik indremisjon ønsker varmt velkommen til formiddagstreffet på torsdag.

Misjonskveld på bedehuset søndag 26.januar

Kvinne sikter mel. Foto. NLM/ Marius Bergesen

Kveldsmøtet er kl 19.30 og talar er Steinar Dimmen.

Det blir også nytt frå arbeidet i Indonesia. I Indonesia er det 234 unådde folkegrupper. NLM arbeider mellom to av desse folkegruppene, som er omlag 5,5 millionar menneske. På grunn av sikkerheit, kan vi ikkje gi opp namn på desse gruppene, eller kvar utsendingane bur.

Mykje av NLM sitt arbeid i Indonesia er særleg retta mot barn. Det gjeld ikkje minst i det evangeliske arbeidet, for sjølv om Indonesia har fleire millionar kristne og mange levande kyrkjesamfunn, er det stadig behov for opplæring og støtte til barne- og ungdomsleiarar. I tillegg driv NLM bistandsarbeid og business as mission i form av hotelldrift/reiselivsverksemd.

Kom og høyr meir om dette på møtet ! Alle er vel møtt !