Stikkordarkiv: Bedehus

PÅSKA I ULSTEINVIK BEDEHUS

Vi feirer påska til minne om Jesu død og oppstode. Dette vil vere i sentrum på samlingane i bedehuset denne påska.

Førstkomande måndag formiddag er det samling om bibel og bønn. Samtalen denne måndagen tar utgangspunkt frå Apostelgjerningane kapittel 6.

Langfredag formiddag får vi besøk av  Preben Solvang. Han har vore misjonær i Bolivia, men reiser no som ungdomsarbeidar i Norge.

 2.påskedag får vi besøk av Johannes Kleppa. Han har tidlegare vore lærar på bibelskulen i Bergen, og han har i mange år reist som forkynnar. No er han formann i misjonsorganisasjonen Sarepta som arbeider i Spania. Kleppa har skrive fleire bøker og er også kjend for sine mange og grundige avisinnlegg om fleire aktuelle tema.

Nattverdmøte

Nattverdmøtet på måndag 20.februar blir flytta til  kl.11.00 på
formiddagen, ikkje på kvelden.

Måndag 20.februar 11.00(ikke kl.19.30) Nattverdmøte

velkomne

Årsmøte Ulstein Indremisjon

Nå på Laurdag den 11.februar kl.18.00 er det årsmøte i Ulsteinvik Indremisjon. Andakt ved Odd Asbjørn Nybø. Servering.

Vil du gi gave til Ulsteinvik Indremisjon?

Sjekk linken under:

Fast givarteneste

Møteoversikt

No ligg møteoversikta over vinter/vår 2023 tilgjengeleg under menyen møteoversikt øvst på sida.

Sommersamlinger 2022

Sommaren i Ulsteinvik bedehus.

I morgon, onsdag 22.juni kl.19.30  startar sommarkveldane opp i
Ulsteinvik bedehus. Sjølv om Per Sævik har det travelt med å få ferdig
arbeidet med skipa til kystruten, tar han seg tid til å vere forkynnar
også. Han skal tale på samlinga i morgon kveld, og vi får song av
søstrene Anne Marte og Cecilie Lillebø.

Seinare i sommar, onsdag 6.juli får vi besøk av Ingebjørn Vingen. Han
bur i Brattvåg, men er opprinneleg frå Rogaland. Onsdag 20.juli får vi
besøk av Reidar Almedal. Han er her frå Ulsteinvik, men studerer no i
Bergen. 3.august får vi besøk av Eggil Straume frå Volda.

På dei andre onsdagane i sommar er det samling om bibel og bønn. Vi
samtalar om tekstar frå Johannesevangeliet og bed for dei ulike
bønneemne som blir nemt.

Vi skal også ha eit formiddagsmøte, søndag 3.juli kl.11.00. Det er Lys
over land som arrangerer møtet.

Laurdag 11.august kl.18.00 får vi besøk av Misjon Sarepta. Hans Bergane
både talar og syng denne kvelden.

Vel møtt alle til sommarsamlingane i år!

Basar – Ulsteinvik bedehus – laurdag 6.november kl.17.00

Det blir basar i Ulsteinvik bedehus, laurdag 6.november kl.17.00.Basaren er til inntekt for bedehuset. Grunna covid – 19 var det uråd å ha den tradisjonelle basaren i fjor. Dei siste åra har det vore gjort store utbetringar av bedehuset, og framleis er det mykje som  må gjerast med det hundreår gamle bedehuset.

I tidlegare år har det vore vanleg at folk har gått omkring i bygda og selt lodd, men av fleire grunnar er det praktisk vanskeleg no.

I år kan ein kjøpe lodd på denne måten: Ein kan ringe til telefonnummer 41228910 for å kjøpe lodd. Namna på dei som kjøper lodd blir oppskrivne i ei loddbok. Lodda kostar 20 kroner for kvart einskild lodd.

Lodda kan betalast ved å betale inn på kontonummeret til bedehuset 4137.30.11434 eller ved å bruke vipps 118691. Merk innbetalinga med basar. Ein kan også betale kontant til styremedlemmane i Ulsteinvik Indremisjon.

Gevinstane på boka:

  • Gåvekort på Amfi – verdi 600 kroner
  • Gåvekort på Match – verdi 500 kroner
  • Gåvekort på Brudevoll – verdi 300 kroner
  • Gåvekort på Brudevoll – verdi 300 kroner
  • Raud juleduk
  • Verktøykasse
  • Termokanne
  • Kasserolle
  • Hadeland stormlykt
  • Steikepanne
  • Koffert
  • Handveske

Gevinstar til åresalet på  basaren kan leverast i Ulsteinvik bedehus, fredag 5.november frå kl.17.00.

Styret i Ulsteinvik Indremisjon