Basar på Ulsteinvik bedehus laurdag 27.oktober

Kva er vel eit sikrare teikn på haust enn at det er tid for loddbøker og fargerike papirårer?! Kom innom bedehuset laurdag 27.oktober frå kl.17. Her blir det både kakesalg og mykje kjekt ein kan vinne. Basar er aktiviteten for alle, små som store. 

Denne basaren er ei viktig inntektskilde til vedlikehald og drift av bedehuset. Mange ønskjer å støtte bedehuset økonomisk, og mange har allereie gitt gevinstar og mange har kjøpt lodd på loddlistene som er sendt ut på førehand. Desse store gevinstane skal trekkast på basaren, og det blir nokre heldige vinnarar.

Bedehusforeninga er arrangør og er ein aktiv flokk damer som er med på å førebu basaren på ein praktisk og viktig måte. Dei sørger for mykje godt til kafé-salg, det blir gode og flotte kaker å få kjøpt, kaffi og saft og god tid til prat. Det sosiale er viktig på ein basar.

Marita Ulstein Stang vil ha ei familieandakt. Det blir stort åresalg og mange fine gevinstar. Velkomen!

Søndag 11 med nytt frå Aust Afrika

Foto: Eivind J Lindtjørn/ NLM

Søndag 23.september er det Steinar Dimmen som er talar på søndagsmøtet vårt. Det blir også søndagskule.

På møtet får vi høyre litt frå arbeidet i Aust Afrika der NLM samarbeider med dei evangelisk lutherske kyrkjene i Kenya og Tanzania, samt at dei driv organisasjonen Scripture  Mission.

NLM starta arbeid i Mbulu (Dongobesh) i 1951 og i Mara i 1972. NLM sine misjonærer har oppgåver knytta til evangelisering, opplæring og helsearbeid. Misjonærene blir då del av kyrkja sitt ordinære arbeid og vert rekna på lik linje med nasjonale medarbeidarane.

Vel møtt alle !

Fyrste Søndag 11 etter sommarferien

Då ynskjer vi alle velkomne til bedehuset søndag 26.8.

Per Ekelund blir med som talar. Han er pensjonist og reiser som fritidsforkynnar for NLM. Han har vore her fleire gongar før, og har mykje å dele frå Guds ord. Det blir også korte glimt frå arbeidet i Norge og det blir invitert til nattverd denne dagen.

Barnemøtet er ved Eli Beathe og Håvard. Vel møtt og inviter gjerne nokon med deg !

Bibelhelg med Øyvind Hofstad

Det blir ei spennande møtehelg i Ulsteinvik bedehus, der temaet blir «Guds farshjerte» og «Åndens frukt» ved Øyvind Hofstad.
Han er ein av grunnleggarane av UNGDOM I OPPDRAG. Han var også saman med kona Kari med på å starte Familiefokus.

Øyvind Hofstad forkynner om vekst og utvikling i livet i Kristus.
Han har skrive fleire bøker, blant anna boka « Klar for dagen», og boka «Overleveringen» som handler om å videreføre arven til neste generasjon.

Bibelhelga starter fredag kveld. Då blir det lovsang leda av Stein Ove Thunheim. Ronald Øvrelid vil også delta denne helga.
Laurdag er det også møte, med samling i kjellaren på bedehuset med enkel servering etter møtet.
Søndag formiddag blir det også barnesamling.

Styret i Ulsteinvik indremisjon arrangerer bibelhelga og ønsker hjertelig velkommen til bibelhelg med Øyvind Hofstad.
Kom og høyr inspirerande forkynning og bli med på eitt eller fleire møte

Søndag 11 ved Oscar Nordbø 11.mars

Kvinne sikter mel. Foto. NLM/ Marius Bergesen

 

 

 

 

 

 

 

Søndag 11.mars er det Oscar Nordbø som talar på søndagsmøtet. Det er ikkje eige barnemøte denne dagen, så vi legg opp samlinga i storsalen for alle.

Vi får også høyre litt frå Indonesia, der NLM har eit variert arbeid. Mykje er retta mot barn; å forbetre oppveksvilkår og utdanning, opprette gode barneklubbar og lære opp nasjonale medarbeidarar i skule, søndagsskular og nærmiljø. Vi får høyre meir på møtet.

Samlinga vert avslutta med enkel servering.

 

Søndag 11 med glimt frå Etiopia

       

Søndag 21.januar byrjar dei faste søndagsmøta opp igjen på bedehuset.  Talar på dette møtet er Jon Ove Holen, regionleiar i NLM Nordvest. Misjonsvindu blir opna mot Etiopia, eit av dei mange område NM har misjonsarbeid i.

Eli Beate og Håvard Ringstad har ansvar for barnemøtet. Samlinga vert som vanleg avslutta med enkel servering i storsalen.

Alle vel møtt !