Misjonskveld på bedehuset 23.2 med nytt frå Afrika.

Søndagskvelden er det Oscar Nordbø som kjem som talar på kveldsmøtet 19.30.

Han og familien har arbeidd mange år i Afrika, i Vest-Afrika. Denne kvelden vil vi få korte glimt frå Nord- Afrika. Nord- Afrika utgjer 7 områder : Algerie, Egypt, Libya, Marokko, Sudan, Tunisia og Vest-Sahara.

Regionen har historisk sett vore senter for kyrkja. Kjente personar som Augustin, Cyprian og Tertullian kom alle derfrå. Dei var medverkande til at kristendomen vart kjend og etter kvart også fann veg til Norge.

Etter fleire arabiske invasjonar er det nesten ingen kristne att i området, men nokre er det. Særlig gjeld dette blant barbere.