Levande tru kveldar 8-10.oktober ved Lars Kjetil Emblem

Ulsteinvik Misjonslag NLM inviterer DEG til bibelkveldar på bedehuset, til litt annleis møter. Med Levande tru samlingane ynskjer ein å gå litt meir i djupna på det bibelske stoffet enn ein gjer på eit vanleg møte. Denne gongen er det fokus på dei 10 boda,- Guds gode vilje til beste for oss.

Tidene forandrar seg og vi med dei. Menneska vil nok alltid vera dei same, men på same tid har vi i dag mange nye problemstillingar i høve til t.d. for 50 år sidan.  Å vera kristen handlar om å gjere dei gode vala slik at ein kan få leve i Guds velsigning og vere til velsigning. Gjennom undervisning og samtale vonar vi at desse samlingane skal vere til oppmuntring og hjelp.

Samlingane er tysdag, onsdag og torsdag kl 19.30-21.00. Møta er uformelle der Emblem har ei innleiing til temaet og med påfølgande samtale ved borda over ein varm kopp kaffi/ te og enkel servering.

Vel møtt alle, og inviter gjerne nokon med deg!