Kva trur eg eigentleg på ? Bibelkveldar om trusartiklane

» Levande tru- Bibelen i livet» er eit opplegg med Bibelundervising i NLM Region Nordvest. Det vert undervist i ulike tema frå bøker/ brev i Bibelen, truslære, etikk etc.

Kvart tema går over nokre kveldar, kvar på omlag 1,5 time. Samlinga har ei enkel ramme, der tida vert nytta på undervising/ samtale, gjerne i samspel mellom forkynnar og forsamlinga.

Lars Kjetil Emblem vil ta utgangspunkt i temaet: » Kva trur eg eigentleg på ? Frå dei tre trusartiklane. Møta er tysdag 28.11, onsdag 29.11 og torsdag 30.11. Alle kveldar kl 19.30.

Det blir litt enkel servering ved borda, og misjonsgåve på kvar samling.

Vel møtt !