Eg set mi lit til Herren

Dette er utdrag, notert ned og lagt ut på nettsida med tillatelse frå Per Sævik.

Per Sævik besøkte Ulsteinvik bedehus 12.05 2005 og ga sitt vitnemål til dei som var møtt fram utifrå Salme 13,6. Dette verset i Bibelen lyder slik: Men eg set mi lit til di miskunn. Mitt hjarta skal fryda seg i di frelse. Eg vil lovsyngja Herren, for han har gjort vel imot meg.

Først understreka han at vi får mykje informasjon mellom anna gjennom TV, radio og aviser. Men det er slett ikkje alt vi kan setje lit til. David kunne seie: Eg set mi lit til… Også i Apg 27,25 har vi eit vitnemål om ein som sette si lit til han miskunn. Paulus var i ein forferdeleg vanskeleg situasjon. Men han kunne likevel fortelje at han var ved godt mot. Fundamentet for det var at han visste han kunne lite på Gud at ingen skulle omkome i stormen. Es 26,3-4 fortel også noko om dette: ”Den som har ein grunnfest hug, han let du alltid ha fred, for til deg set han si lit. Set dykkar lit til Heren til alle tider! For i Herren Herren har vi eit evig berg.”

Vi kan stille spørsmål om korleis det er stilt med tilliten i vår tid og i våre bedehus? Det er lett å sjå seg tilbake. Det var ein gong mykje folk på bedehusa. I dag er det kanskje 8-10 stykke på eit vanleg småmøte. For mange er det ikkje lenger om å gjere å samlast i veneflokken. Det har å gjere med åndeleg temperatur, forventning og tillit til Gud.

Sævik fortel om at han i ein heim på Færøyane kom over eit dansk blad. I dette bladet var ein artikkel der Billy Graham hadde skreve om pave Johannes Paul. Per Sævik presiserte at han sto langt frå den katolske kyrkja, men at han likevel hadde reflektert litt over den paven som nå gjekk ut av tida. Han var nok ikkje den som posisjonerte seg for å bli mest mogleg populær, mest i takt med folkemeininga. Billy Graham skriv om han at: Han trudde på korset. Same kva tema han talte om anten det var personlege problem eller andre forhold kunne ein alltid få høyre om korset og oppstandelsen og at dette var grunnlaget ein måtte bygge på. Sævik legg til at han håpar at vi som går på bedehuset verkeleg kan ha tillit til korset.

I Josva 24,31 står: Og Israel tente Herren så lenge Josva levde, og så lenge alle dei eldste var i live, dei som overlevde Josva, dei som kjende til alt det Herren hadde gjort for Israel.

I vårt land likar vi å snakke om at vi står i ein tusenårig tradisjon. Kven er det som formidlar kunnskapen til komande generasjon? Korleis står det til med skuleverket i dag? Kor viktig det er at det er nokon som er opptekne av å bere vidare forkynninga av hans oppstandelse og at nokon fortel om konsekvensane for dei som ikkje tek imot Jesus.

Det er sagt at i GT finn vi mykje nåde. Men Jesus kom med nåde og sannhet. Han er den han er… Skal tru om vår tid er prega av det som står i Josva. Så lenge dei eldste var i live hadde dei velsigning. I dag skal einkvar liten minoritet kunne krevje like mykje taletid på TV som andre. Kva blir konsekvensen? Er det slik at det er for mykje kristendom i skulen? Det ser ut som at dei fleste har fått det for seg at her må det reduserast.

Vi les i GT om velsigning i 1000 ættledd. Vi kan lure på kva som gjer at det har gluppe i vårt land. Kva er det som gjer at det som før var norm, nå blir harselert med? Eg trur paven har noko å lære det konservative legfolket.

Vi har t.d. ein situasjon der vi til nå har hatt eit Israelsvenleg folk. Vi seier vi har eit venleg sinn, men det ser ut som vi handlar annleis mot Guds folk. Sævik refererte ein rabbinar som hadde uttalt at han ikkje såg for seg dette området som ein stad det ville vere verande for jødane.

Men Gud er på tronen ennu ….

Håpar at alle har lært å kjenne Gud slik at du har sett di lit til hans miskunn og til hans ord.

Så gjekk han over til neste ledd i teksta: Mitt hjerte skal fryde seg.

Viss grunnlaget er tillit til hans ord så er det ein rett grunn for fryd. Frelsesverket kan skape fryd. Tenkjer vi slik at alle ytre forhold må ligge vel til rette for at vi skal kunne fryde oss? Men det er ikkje slik. Ein song har gripe meg sterkt er songen: Alt er vel med min sjel.

Det er H.G.Spafford som har skreve denne songen. Kona og dei fire barna var på veg over Atlantern. Båten gjekk ned, kona redda livet, men alle fire barna omkom. Vi som er foreldre og besteforeldre veit litt om kor opptekne vi er av at det skal gå dei vel. Likevel kan han skrive etter å ha motteke meldinga om ulykka: Alt er vel med min sjel. Viss vi har sett frelsa, kan vi nok forstå litt av det, sjølv om det er utruleg vanskeleg å fatte.

Korleis er klangbunnen i oss i forhold til vår frelse. Ja, det skaper litt fryd, men i alle fall ikkje nok. Kva opplever vi i den kristne forsamlinga? Jo lovsongen skal vere med å skape stemning. Ikkje noko gale med det. Men kva klangbunn er det for lovsongen i ditt og mitt hjerte. Er det at vi har motteke ei så stor frelse?

Av Peder Almedal