Kategoriarkiv: Oversikt

Ulsteinvik bedehus 100 år

I dag er det 100 år sidan Ulsteinvik bedehus vart innvigd. 5.februar 1921 var vigslingsdagen  for det nye bedehuset.

Det gamle bedehuset var vigsla i oktober i 1876. Det var det første bedehuset som blei reist på bygdene på Sunnmøre .Før dette samlast dei nye kristne i heimane, men då husa blei for små, blei bedehuset bygd. Ulsteinvik Indremisjon vart skipa 5.august 1883.

Vi hadde planlagd ei feiring av 100 – års – jubileet denne helga, men korona-epidemien har gjort at dette må utsetjast. Vi ser fram til å ha ei markering av jubileet på seinsommaren.

Etter jul har møteaktiviteten i bedehuset vore sterkt avgrensa, med det er tillatt å samle 10 personar til møte. Dersom det kjem fleire, kan vi samlast i ulike rom. Kvar tysdag framover har vi samlingar om bibel og bønn.

Det er tillatt med samlingar for barn og ungdom under 20 år . Onsdag 10.februar har ungdomsgruppa samling(frå 8.klasse og oppover), og det er møte i Davids Grotte(5.-7.klasse) onsdag 17.februar.

Vel møtt i Ulsteinvik bedehus