Kategoriarkiv: misjonsprosjekt

Misjonskveld på bedehuset søndag 26.januar

Kvinne sikter mel. Foto. NLM/ Marius Bergesen

Kveldsmøtet er kl 19.30 og talar er Steinar Dimmen.

Det blir også nytt frå arbeidet i Indonesia. I Indonesia er det 234 unådde folkegrupper. NLM arbeider mellom to av desse folkegruppene, som er omlag 5,5 millionar menneske. På grunn av sikkerheit, kan vi ikkje gi opp namn på desse gruppene, eller kvar utsendingane bur.

Mykje av NLM sitt arbeid i Indonesia er særleg retta mot barn. Det gjeld ikkje minst i det evangeliske arbeidet, for sjølv om Indonesia har fleire millionar kristne og mange levande kyrkjesamfunn, er det stadig behov for opplæring og støtte til barne- og ungdomsleiarar. I tillegg driv NLM bistandsarbeid og business as mission i form av hotelldrift/reiselivsverksemd.

Kom og høyr meir om dette på møtet ! Alle er vel møtt !

Vestborgrussen er klar for turné 2020.

Få med deg Søndag11 møte den 12.01.kl. 11.00

Møte på Ulsteinvik bedehus Onsdag 15.1 kl 19.30

7 grupper skal ut og besøke mange bedehus, frå Selje og Stryn i sør til Aure og Kyrksæterøra i nord. Misjonsprosjektet i år er arbeid i Japan. Ei gruppe elevar fortel frå prosjekt i Japan og litt glimt frå Vestborg- livet

Misjonsprosjekt i Japan

Det er fantastisk flott at ungdomar prioritere å bruke ei veke på denne måten og vi gler oss til å møte dei.


Turneen startar 12.1 og onsdag 15.1 kjem ei av gruppene til vårt bedehus. Talar her er Oscar Nordbø. Kvelden etter skal dei vidare til Hareid. 

Gåve til prosjekta

Alle vel møtt !

Bilderesultat for nlm

Arr: Vestborg vidaregåande skule + Misjonssambandet