Kategoriarkiv: Juletrefest

Julefest på bedehuset 29.desember

Husk å få med dere

 Stjernedryss i advent– Lørdag 14 des. kl. 19.00 og Misjonsmøte 15.12 med nytt frå Sentral-Asia kl. 19.30

Det er snart klart for julefeiring og mykje står på programmet for dei aller fleste. Julefest i romjula er ein god tradisjon å ta vare på!

Bedehuset i Ulsteinvik inviterer store og små til å delta på årets julefest 29.desember kl.17.

 Ein dyktig komite er i gang for å gjere festen og programmet så godt og innhaldsrikt som mulig. Du kan føle deg heilt sikker på at det er verdt å sette av ein kveld i romjula til å delta på bedehuset sin julefest.

Årets taler blir Linda Austnes frå Godøya. Ho har lang fartstid med julefestar. Linda  har skrive bøker og mange dikt, ho er aktiv i kristent arbeid og ho er aktiv politiker. Ho gler seg til å kome til Ulsteinvik på julefest. Det blir mykje sang og musikk, i tillegg til julesanger for alle og gang rundt juletreet. Fleire barn og vaksne er klar med sang, piano, fiolinspel.

God tid til mat og prat blir det i år også, og det blir dekka koldtbord i matsalen, og det blir nok fullt både oppe og nede. Mykje godt blir sett fram, og noko for både barn og vaksne. Litervis med kaffi gjekk unna i fjor, så komiteen er klar for stort innrykk.

Det koster ikkje noko å delta, men alle kan vere med å gi ei gåve til misjonen.

Hjertelig velkommen store og små!

Bilde: Julestjerna i vinduet på Ulsteinvik bedehus er allereie tent!