Forfatterarkiv: Marita Ulstein Stang

Sangevangelist Jostein Mulelid kjem til Ulsteinvik

Jostein Mulelid skal delta på fleire møter i Ulsteinvik bedehus.

Mange frå søre Sunnmøre kjenner Jostein og ser fram til god sang og musikk og inspirerande forkynning. Trekkspel og piano høyrer saman med Jostein når han farter rundt med Guds Ord og si gode sangstemme.

Han er også ei drivkraft i hjelpearbeidet som blir kalla « Vyborg-hjelpa» og Jostein har vore reiseleiar på turar i Plussreiser/ tidl SI- reiser, han har vore ofte i Israel, og mykje på bibelferiar i sol og varme, og fleire tema-turar med buss, td Lina Sandell- turen som har gått kvar sommar i snart 30 år. Jostein har også skrive fleire songar og gitt ut musikk på CD-ar tidlegare. No er han ein engasjert og aktiv pensjonist.

På møta i Ulsteinvik bedehus vil Jostein Mulelid tale over temaet: «Å vandre med Gud- glimt frå Abrahams historie»

Det vil bli song av Jostein på alle møta, i tillegg vil Solfrid Ulstein Rise synge.
Koret «Kvit Sektor» kjem på besøk fredagskvelden.
På laurdag blir det sang og musikkmøte med « Sulagutane» som er ei gruppe syngende mannfolk frå Sula og Ålesund. Det blir god tid til samtale over kaffi og kaker både fredag og laurdag kveld.
Søndag er det formiddagsmøte med program for heile familien, då vil det også vere nattverd i samlinga. Elles er det ein komité som sørger for mykje godt å bite i , som alltid når det er « søndag-11» samling på bedehuset.

Styret i Ulsteinvik indremisjon ønsker velkommen til møteveke med Jostein Mulelid, og minner om at det også blir bønn ein halv time før kvart møte.

Vel møtt frå heile søre til ei eller fleire samlingar i Ulsteinvik bedehus.

Bibelhelg med Arild Ove Halås

Velkomen til bibelhelg på Ulsteinvik bedehus.

Bibelhelg ved Arild Ove Halås.

Tema: Bibelsyn og bibelbruk.

Fredag 30.november kl.19.00: Merk tida. Servering.

Laurdag 1.desember  kl.19.30.

Søndag  2.desember  kl.16.30:  Servering. Nattverd. Søndagskule.

(NB! Søndag 11 flytta til kl.16.30)

Trekningsliste frå basaren

Gevinstliste frå basaren til inntekt for Ulsteinvik bedehus – 27.oktober 2018

 

Gevinst  1  – Ark nr.  6, lodd nr.12 Stressless ​​          Georg Myrvågnes

Gevinst  2 –  Ark nr. 33, lodd nr. 6- Sagbord ​​               Ane Baade Hasund

Gevinst  3 – Ark nr.40, lodd nr.4 – Mugge med 4 skåler        Kjell Einar Ljones

Gevinst  4 –  Ark nr.23, lodd nr.23 – Steikepanne​​             Kari Gjerdsbakk

Gevinst  5 –  Ark nr.45, lodd nr.11 – Dobbelt sengesett          Anna Sivertstøl

Gevinst  6 – Ark nr.44, lodd 21  –     Keramisk kokkekniv        Marie Langnes

Gevinst 7  –  Ark nr.31, lodd 16   –  Gåvekort, Amfi​​           Ingunn Stensland

Gevinst 8  –  Ark nr.36, lodd nr.15 – Gåvekort, Amfi​​     Torbjørg og Per Inge Åmås

Gevinst 9  –  Ark nr.29, lodd nr. 3 – Krystallvase​​            Asbjørg Ulvund

Gevinst 10 – Ark nr.38, lodd nr.10 – Blomstervase.        ​​Johannes Davidsen

Gevinst 11 – Ark nr.2, lodd nr.7 – Gåvekort Match​​          Oddvin Holen

Basar på Ulsteinvik bedehus laurdag 27.oktober

Kva er vel eit sikrare teikn på haust enn at det er tid for loddbøker og fargerike papirårer?! Kom innom bedehuset laurdag 27.oktober frå kl.17. Her blir det både kakesalg og mykje kjekt ein kan vinne. Basar er aktiviteten for alle, små som store. 

Denne basaren er ei viktig inntektskilde til vedlikehald og drift av bedehuset. Mange ønskjer å støtte bedehuset økonomisk, og mange har allereie gitt gevinstar og mange har kjøpt lodd på loddlistene som er sendt ut på førehand. Desse store gevinstane skal trekkast på basaren, og det blir nokre heldige vinnarar.

Bedehusforeninga er arrangør og er ein aktiv flokk damer som er med på å førebu basaren på ein praktisk og viktig måte. Dei sørger for mykje godt til kafé-salg, det blir gode og flotte kaker å få kjøpt, kaffi og saft og god tid til prat. Det sosiale er viktig på ein basar.

Marita Ulstein Stang vil ha ei familieandakt. Det blir stort åresalg og mange fine gevinstar. Velkomen!

Bibelhelg med Øyvind Hofstad

Det blir ei spennande møtehelg i Ulsteinvik bedehus, der temaet blir «Guds farshjerte» og «Åndens frukt» ved Øyvind Hofstad.
Han er ein av grunnleggarane av UNGDOM I OPPDRAG. Han var også saman med kona Kari med på å starte Familiefokus.

Øyvind Hofstad forkynner om vekst og utvikling i livet i Kristus.
Han har skrive fleire bøker, blant anna boka « Klar for dagen», og boka «Overleveringen» som handler om å videreføre arven til neste generasjon.

Bibelhelga starter fredag kveld. Då blir det lovsang leda av Stein Ove Thunheim. Ronald Øvrelid vil også delta denne helga.
Laurdag er det også møte, med samling i kjellaren på bedehuset med enkel servering etter møtet.
Søndag formiddag blir det også barnesamling.

Styret i Ulsteinvik indremisjon arrangerer bibelhelga og ønsker hjertelig velkommen til bibelhelg med Øyvind Hofstad.
Kom og høyr inspirerande forkynning og bli med på eitt eller fleire møte

Bedehusbasaren 28.oktober

Her er trekningsliste for loddbøkene til bedehusbasaren 28.oktober:

Foodsealer – Idunn Roos
Bokpakke – Ingebjørg Oscarson
Gavekort Match – Martha Strand
Dobbelt sengesett – Nikodemus Garshol
Ullpledd – Oddvar Hofseth
Baderomsmatte – Alvhild Dragnes
Dobbelt sengessett krepp – Paul Eikrem
Tulipanvase – Marie Hatløy
Lyslykt – Målfrid Skeide
Gavekort Amfi – Kristbjørg Brandal
Dyne og pute – Kjell Furnes
Dukke m/garderobe – Maria Grasvik
Gåvekort Brudevoll – Heather Kleppestrand
Gåvekort Brudevoll – Kari Aske Osnes
Dokke m/garderobe – Randi S. Moldskred

Gratulerer til vinnarane!

Møteoversikt oktober/november

Oktober:

Torsdag 26.oktober kl.19.30: Kristen Muslimmisjon. Odd Sæther talar.

Laurdag 28.oktober kl.16.00: Basar

November:

Onsdag 1.november kl.18.00: Davids Grotte. Tweens

1.-5.november kl.19.30: Møteveke ved Johnn Hardang og Ole Abel Sveen.

Måndag 6.november kl.19.00: Felleskristent møte på Sjøborg. Den himmelske mann,  broder Yun talar.

8.november kl.19.30:Davids Grotte. Ungdom.

12.november: Søndag 11. Hilde Gjengedal og Gudrun Longva deltek. Barneopplegg   under talen. Nattverd. Servering.

14.november kl.19.30: Tysdagsmøte.

Onsdag 15.november kl.18.00: Davids Grotte. Tweens.

Fredag 17.november kl.19.30: Hans Bergane talar. Song av Hareid musikklag. Sarepta.

Laurdag 18.novmber kl.19.30: Hans Bergane talar.

Søndag 19.november kl.17.00: Hans Bergane talar.

Onsdag 22.november kl.11.00: Formiddagstreff. Anbjørn Valderhaug talar og syng. Servering. Utlodding.

Torsdag 23.november kl.19.30: Kristen Muslimmisjon. Reidar Fiske talar.

Laurdag 25.november kl.19.30: Davids Grotte. Ungdom.

26.november: Søndag 11. Barneopplegg under talen. Servering.

28.-30.november kl.19.30: Levande tru ved NLM.

Onsdag 29.november kl.18.00: Davids Grotte. Tweens.