Forfatterarkiv:

Inger Valbø, Japanmisjonær på Søndag 11

inger-ii_full    japan

Søndag 16.oktober kjem Inger Valbø og blir med på søndagsmøtet. Ho er utdanna lærar og har arbeidd nesten heile sitt vaksne liv i ulikt arbeid i Japan for Misjonsssambandet. No i sommar kom ho heim frå ein seksårsperiode i landet, og reiser no omkring til ulike misjonsforeiningar og forsamlingar for å formidle ein del av det ho har opplevd med oss.

Det blir barnemøte i peisestova og vi avsluttar med enkel servering.

Alle vel møtt !

Arr: Ulsteinvik UI og NLM.

Søndag 11 med små glimt frå Nord- Afrika

Afrika

Søndag 2.oktober blir Lars Kjetil Emblem med som talar på møtet, medan det i peisestova vert samling for barna. Denne søndagen byr vi også inn til nattverd.

Misjonsvinduet denne søndagen er korte glimt bak stengde dører i Nord- Afrika. Nyåret 2016 reiste 2 familier til området, og dei vonar snart å få følgje av 2 til. Dei skal arbeide som kristent fagpersonell i området. Nord-Afrika består av Vest-Sahara, Marokko, Algerie og Tunisia, av og til også Libya og Mauritania.

Alle vel møtt !

Arr: Ulsteinvik UI og NLM

» Søndag 11″ ved Ole Os

OleAudunOs        youtian-43_lightbox

 

Søndag 18. september kjem Ole Os på nytt besøk til bedehuset. Denne gongen blir det samling for alle i storsalen, og Ole vil tale til små og store. Han har ei spesiell evne til å forkynne og på ein lettfatteleg måte formidle Guds ord.

Misjonsnytt er denne gongen frå Stor- Kina og det arbeidet NLM har der.

Vi avsluttar samlinga i fellesskap omkring kaffibordet. Velkomen til deg og dine !

Søndag 11 med vindu mot Sør-Amerika

Inka

Per Ekelund er talar på møtet 17.april. Han har arbeidd innafor høgskulesektoren storparten av sitt vaksne liv. No er han pensjonist og tek på seg ein del oppdrag som forkynnar i fritida si. Han har vore på bedehuset før og har mykje å gi frå Guds ord.

Barnemøtet blir ved Marit og Ståle.

Vi opnar misjonsvinduet mot Sør-Amerika denne gongen. Der har NLM arbeid i Bolivia og Peru. Sjølv om dei fleste i desse landa reknar seg som katolikkar, er det få som kjenner Jesus som sin frelsar. Folketru, tilbeding av Moder Jord, helgen- og fedredyrking er svært utbreidd. I tillegg har aukande materialisme og nye religiøse retningar prega samfunnet dei siste tiåra.

NLM er engasjert i bibelundervising, leiaropplæring, rådgjeving til kyrkjer og undervising ved det teologiske seminaret Setela. NLM samarbeider med kyrkjene om eit allsidig barne- og ungdomsarbeid både knytt til kyrkjelydar, men også via leirstader, og støttar drift av fleire skular, barnehagar og internat for skuleelevar. Misjonen ynskjer å vise kva Guds ord seier om at kvar enkelt er kjent og elska av Jesus og har ein plass i hans rike.

Samlinga vert som vanleg avslutta med enkel servering i storsalen. Vel møtt  DU også til ein vårsøndag på bedehuset !

Palmesøndagsmøte for heile familien

soendagsskolebarn-fra-sumatra  Jesus-rider-palmesondag    Søndag 20.mars er det nytt » Søndag 11″ på bedehuset med påskebodskapen i sentrum for både tale og songar. Lars Kjetil Emblem kjem som talar og det vert som vanleg barnemøte i peisestova. Denne søndagen vert det også nattverd.

Misjonsvinduet vender seg denne gongen mot Indonesia. Indonesia har stor andel av muslimsk befolkning og mange av folkegruppene i landet har aldri høyrt Guds namn. NLM har arbeidd i Indonesia sidan 1975. Arbeidsoppgåvene er ulike typer bistand, der ein arbeider tett med lokalsamfunn og andre hjelpeorganisasjonar for å betre menneske sine liv og utsikter om ei betre framtid. Slik kan utsendingane vitne om Guds kjærleik gjennom måten dei lever og arbeider på. Samstundes ynskjer NLM å styrkje dei lokale kristne og motivere til misjon. NLM har eit godt  og nært samarbeid med lokale kyrkjesamfunn og høgskular. På møtet søndag får vi vite litt meir om arbeidet i Indonesia pr. d.d.

Vel møtt alle til ein fin påskesøndag på bedehuset !

Søndag 11 ved Jan Magnus Dybvik

ElfenbeinskystFlagg

 

Komande søndag blir Jan Magnus Dybvik med som talar på søndagsmøtet. Han har arbeidd mange år i Vestafrika, både i Elfenbeinskysten og i Mali. No bur han i Norge, og reiser som fritidsforkynnar for NLM. Han har mange erfaringar å dele med oss.

Samlinga har som vanleg møte for barna i peisestova, og avslutning med felles kaffibord.

Alle vel møtt !

Vestborgrussen på bedehuset 16.januar kl 19.30

Vestborgruss_2016    tanzania      Ole Os

Denne veka er avgangselevar ved Vestborg vidaregåande skule på turne i fylket og i Nordfjord. Turneen vert arrangert i godt samarbeid med regionkontoret for NLM.

2 av russen ( Maria og Iselin, nr 1 og 4 frå venstre på bildet) var i Tanzania i november for å bli betre kjend med land, kultur og dei ulike arbeidsoppgåvene NLM har i landet. No vil russen vere med å samle inn pengar til noko av dette. Kvar gruppe har med seg ein talar og vil besøkje skular, bedehus og forsamlingar. På møta tek russen del med møteleiing, opning og informasjon om Vestborg og prosjekta i Tanzania.

Ole Audun Os er med som talar i den gruppa som kjem til Ulsteinvik bedehus. Han er godt kjend i området frå før. Vi gler oss til besøk- både av Ole og av russen og håper at mange kjem på møtet denne laurdagskvelden.

Arr: Vestborg vg skule og NLM Nordvest.

Søndag 11 med glimt frå Kinaregionen

2.advent       youtian-43_lightbox     skolebarn-2_lightbox

Så var adventstida her, med korte dagar, men med forventningar fram mot ei ny julehøgtid.     Vi inviterer deg til samling den 2.søndag i advent. Det blir siste » Søndag 11″  i dette året.

Talar på møtet er Oscar Nordbø, og vi får høyre nytt frå arbeidet i Kinaregionen. NLM starta arbeidet i Kina i 1891. I denne delen av Asia har NLM arbeid i Kina, Hong Kong, Macao og Taiwan. Nasjonale kyrkjer er etablert og NLM sine utsendingar er ein del av dette arbeidet.

Det blir både barnemøte og nattverd denne søndagen. Inviter nokon med deg og kom !