Forfatterarkiv:

Vestborgrussen 2018 kjem tysdag 16.januar

 Foto Vestborg: Markus Engås og Flora Miro, Prosjektleiarar for russen 2018

Frå søndag 14.1- søndag 21.januar er avgangselevar ved Vestborg vidaregåande skule på turne i fylket og i Nordfjord. Turneen vert arrangert i godt samarbeid med regionkontoret for NLM.

2 av russen ( Markus og Flora) var i Indonesia i november for å bli betre kjend med land, kultur og dei ulike arbeidsoppgåvene NLM har i landet. No vil russen vere med å samle inn pengar til noko av dette. Kvar gruppe har med seg ein talar og vil besøkje skular, bedehus og forsamlingar. På møta tek russen del med møteleiing, opning og informasjon om Vestborg og prosjekta i Indonesia.

Mangor Harestad er med som talar i den gruppa som kjem til Ulsteinvik bedehus. Han har vore her før og vi gler oss til besøk- både av Mangor og av russen.

Arr: Vestborg vg skule og NLM Nordvest.

Kva trur eg eigentleg på ? Bibelkveldar om trusartiklane

» Levande tru- Bibelen i livet» er eit opplegg med Bibelundervising i NLM Region Nordvest. Det vert undervist i ulike tema frå bøker/ brev i Bibelen, truslære, etikk etc.

Kvart tema går over nokre kveldar, kvar på omlag 1,5 time. Samlinga har ei enkel ramme, der tida vert nytta på undervising/ samtale, gjerne i samspel mellom forkynnar og forsamlinga.

Lars Kjetil Emblem vil ta utgangspunkt i temaet: » Kva trur eg eigentleg på ? Frå dei tre trusartiklane. Møta er tysdag 28.11, onsdag 29.11 og torsdag 30.11. Alle kveldar kl 19.30.

Det blir litt enkel servering ved borda, og misjonsgåve på kvar samling.

Vel møtt !

Søndag 11 ved Per Ove Aarseth

Per Ove Aarseth frå Volda er talar på møtet søndag 26.11. Han er for dei fleste kjend som journalist i NLM sitt blad » Utsyn» og gjennom fleire bøker han har vore forfattar eller medforfattar til. Han reiser også som forkynnar på landsplan i organisasjonen.

På møtet får vi korte glimt frå arbeidet i Vest-Afrika. For barna er det barnemøte i peisestova.

Vel møtt alle !

Søndag 11 ved Per Ekelund

Søndag 22.oktober blir det vanleg » Søndag 11″ møte på bedehuset. Per Ekelund blir med som talar. Han har arbeidd mange år ved høgskulen i Ålesund. No er han pensjonist og reiser litt som fritidsforkynnar for Misjonsssambandet. Vi gler oss til å høyre han.

Det blir eige barnemøte for barna og samlinga vert avslutta med mat og kaffi i storsalen.

Alle vel møtt ! 

 

40 års jubileum for Sør- Amerikaforeininga

S Amerikaforeninga_1977       S Amerikaforeninga_2002

Dei historiske bilda over viser oppstart av foreininga for 40 år sidan, samt årgangen frå 2002,- då dei runda 25 år i samling for misjonsarbeidet i Sør- Amerika. Kanskje det er nokon som kjenner seg igjen ?

Søndag 17 september inviterer foreininga til flott 40- års lag på Ulsteinvik bedehus kl 16.00.

Tale og misjonsglimt blir ved Solveig og Helge Hånes, samt ved svigerdotter deira, Rebeca Chamaco Hånes. Ho er sjølv frå Sør Amerika. Johannes F Davidsen tek del med flott musikk.

Det blir eige opplegg for barna og sjølvsagt rikeleg med kaffi og kaker.

Vel møtt du også og ta gjerne med deg nokon !

Søndag 11- 14.mai, ved Ole Audun Os

Ole Os

Søndag 14.mai vert det endring i møtet. Det blir Ole Audun Os som kjem på samlinga. Han er godt kjend på Sunnmøre etter mange reiseår i arbeid mellom barn og unge, men har også mykje å gi til den » eldre garde». Vi gler oss til å høyre han på nytt !

Det blir lynutlodding og enkel servering på samlinga og vi ynskjer at mange tek turen til bedehuset denne vårdagen !

ARR: Ulsteinvik indremisjon og NLM.

 

Søndag 11 ved Lars Kjetil Emblem

Fotolia_29169886_M-1030x684

Søndag 2.april er det Lars Kjetil Emblem som vert med som talar på møtet. Han har reist som forkynnar i Misjonsssambandet mest heile sitt vaksne liv. Han deler året med reiseverksemd i vinterhalvåret og langtransportsjåfør andre halvdel. Lars Kjetil har vore her mange gongar før, og har mykje å dele med oss.

På samlinga vert det vanleg barnemøte i peisestova, misjonsglimt frå arbeidet i Sør- Amerika, og fellesskap omkring kaffibordet til slutt.

Alle vel møtt !

Med Gud i medgang og motgang.Søndagsmøte ved Solveig Bartun Rob

SolveigBartunRob_FotoHallgeirVaagenes_VG     Hus på påler. Foto: NLM/ Kristoffer Krohn Sævre/ NLM.

Foto: Hallgeir Vågenes, VG                                 Hus på påler. Foto: Kristoffer Krohn Sævre, NLM                 

 

Første helga i mars blir Solveig Bartun Rob med på møter i distriktet vårt. Laurdag er ho på damedag på Rjånes ungddomssenter, og søndag er ho talar på » Søndag 11″ på bedehuset.

Solveig har arbeidd i NLM i 23 år som barne og ungdomsarbeidar og også vore tilknytt Salem nærmiljøsenter. Gjennom fleire år har ho slite med psykisk sjukdom, angst og depresjon. No brukar ho erfaringane sine frå sjukdomsperiodar til å hjelpe andre og gi håp.

Solveig har utdanning i kommunikasjon og livssyn frå Gimlekollen mediehøgskule, er skribent og held føredrag omkring i landet. Ho er tilsett i Helse Bergen ved Kronstad DPS som erfaringskonsulent. Vi gler oss til å høyre Solveig !

Misjonsland i mars er Indonesia, og det blir korte glimt derifrå. For barna er det eige møte i peisestova, og samlinga vert avslutta som vanleg med enkel servering.

Vel møtt alle ! 

 

                  

 

Søndag 11 den 5.2 ved Steffen Stensland

Steffen Stensland. Foto: NLM/ Bård Kristian Bøe

Steffen Stensland. Foto: NLM/ Bård Kristian Bøe

Komande søndag er det Steffen Stensland som er talar på møtet. Han er frå  Fogn i Ryfylket, men bur no i Ulstein saman med kone og barn. Han har mastergrad i teologi fra Fjellhaug internasjonale høgskole og arbeider no i kombinert stilling i Region Nordvest for NLM som områdearbeider på Sunnmøre og som fellesskapsutviklar i regionen. Vi gler oss til møte med han.

Misjonsvinduet vender seg mot Mongolia og vi får siste nytt frå arbeidet der.

Det blir som vanleg eige barnemøte i peisestova og samlinga vert avslutta med enkel servering. Alle vel møtt !

Vestborgrussen kjem til bedehuset 17.januar

Vestborgruss_2017 Skuleklasse_MN

Tysdag neste veke kjem Lars Kjetil Emblem + ei gruppe med elevar frå Vestborg vidaregåande skule til bedehuset, som del av prosjektveka dei har i regionen.

I november var 2 av elevande frå skulen på tur til landet  som ligg mellom aust og vest, og fekk møte eit mangslunge misjonsarbeidet på nært hald. Vi får høyre om reisa og inntrykka, samt få vite kva prosjekt russen i år samlar inn til.

Det er fantastisk at ungdomar tek ei veke av tida si, og reiser omkring til bygder og byar for å fortelje om misjonsarbeid, både i Mongolia og frå kvardagen på Vestborg.

Kom og møt desse unge og ver med å støtt prosjekta dei samlar inn til !

Vel møtt alle !