Forfatterarkiv:

Vestborgrussen gir eit handslag til Peru. Kjem du ?

Foto: Andreas Bakke/ NLM

Russeklassa ved Vestborg vidaregåande skule har denne vinteren bestemt seg for å samle inn pengar til viktige prosjekt i Peru.

I veke 3 reiser elevar saman med tilsette i NLM for å møte unge på skular, barn i barnehagar og lag, samt misjonsvener på bedehus og møtelokaler i regionen vår.

Ei gruppe elevar kjem til Ulsteinvik bedehus tysdag 15.januar kl 19.30, saman med Steinar Dimmen. Elevane vil fortelje både frå prosjekta i Peru og litt glimt frå dagane på Vestborg.

Vel møtt til ein flott misjonskveld !

Sjå også her: http://vestborgmisjon.no 

Søndag 11 med nytt frå Vest-Afrika

Gudsteneste i Elfenbenskysten. Foto: Espen Ottosen, NLM

«Søndag 11» den 11.11 kl 11 er vel lett å hugse ? Då inviterer vi til ny samling på bedehuset. Denne gongen er det Steinar Dimmen som held tale, medan det er søndagsskule for barna i den flotte sokkeletasjen på bedehuset vårt.

Vi snurrar jordkloden og hamnar på vest Afrika denne dagen, og får høyre litt om kva som er sorger og gleder i misjonsarbeidet der. Bildet over er frå ei gudsteneste i Elfebenskysten. NLM arbeider også i Mali.

Heilt sidan NLM starta arbeidet her i vest, er det dei unådde folkegruppene ein har prøvd å nå inn til med Guds ord. Det har vore vanskeleg, men ikkje umulig, og i dag ser ein at arbeidet nyttar. Kom på møtet og høyr meir om dette !

Samtalekveldar tysdag til torsdag 6-8.11.

 

» Levande tru- Bibelen i livet» er eit opplegg med Bibelundervising i NLM Region Nordvest. Det vert undervist i ulike tema frå bøker/ brev i Bibelen, truslære, etikk etc.

Kvart tema går over nokre kveldar, kvar på omlag 1,5 time. Samlinga har ei enkel ramme, der tida vert nytta på undervising/ samtale, gjerne i samspel mellom forkynnar og forsamlinga.

Lars Kjetil Emblem besøkjer Ulsteinvik bedehus 6-8.11 og tek utgangspunkt i temaet: » Slik skal vi be». Alle kveldar er møta kl 19.30.

Det blir litt enkel servering ved borda, og misjonsgåve på kvar samling.

Søndag 11 med nytt frå Aust Afrika

Foto: Eivind J Lindtjørn/ NLM

Søndag 23.september er det Steinar Dimmen som er talar på søndagsmøtet vårt. Det blir også søndagskule.

På møtet får vi høyre litt frå arbeidet i Aust Afrika der NLM samarbeider med dei evangelisk lutherske kyrkjene i Kenya og Tanzania, samt at dei driv organisasjonen Scripture  Mission.

NLM starta arbeid i Mbulu (Dongobesh) i 1951 og i Mara i 1972. NLM sine misjonærer har oppgåver knytta til evangelisering, opplæring og helsearbeid. Misjonærene blir då del av kyrkja sitt ordinære arbeid og vert rekna på lik linje med nasjonale medarbeidarane.

Vel møtt alle !

Norea radio besøkjer bedehuset onsdag 12.9

Onsdag kl 19.30 får vi spennande besøk på bedehuset. Det er Norea Mediemisjon som kjem ved administrasjonsleiar Martin Birkedal og Nazih Omeish fra Midtøsten .

Sentralt i møtet blir nytt frå arbeidet i Midtøsten. Nazih blir tolka frå engelsk til norsk.

Vel møtt !

Fyrste Søndag 11 etter sommarferien

Då ynskjer vi alle velkomne til bedehuset søndag 26.8.

Per Ekelund blir med som talar. Han er pensjonist og reiser som fritidsforkynnar for NLM. Han har vore her fleire gongar før, og har mykje å dele frå Guds ord. Det blir også korte glimt frå arbeidet i Norge og det blir invitert til nattverd denne dagen.

Barnemøtet er ved Eli Beathe og Håvard. Vel møtt og inviter gjerne nokon med deg !

Søndag 11 ved Oscar Nordbø 11.mars

Kvinne sikter mel. Foto. NLM/ Marius Bergesen

 

 

 

 

 

 

 

Søndag 11.mars er det Oscar Nordbø som talar på søndagsmøtet. Det er ikkje eige barnemøte denne dagen, så vi legg opp samlinga i storsalen for alle.

Vi får også høyre litt frå Indonesia, der NLM har eit variert arbeid. Mykje er retta mot barn; å forbetre oppveksvilkår og utdanning, opprette gode barneklubbar og lære opp nasjonale medarbeidarar i skule, søndagsskular og nærmiljø. Vi får høyre meir på møtet.

Samlinga vert avslutta med enkel servering.

 

Søndag 11 med glimt frå Etiopia

       

Søndag 21.januar byrjar dei faste søndagsmøta opp igjen på bedehuset.  Talar på dette møtet er Jon Ove Holen, regionleiar i NLM Nordvest. Misjonsvindu blir opna mot Etiopia, eit av dei mange område NM har misjonsarbeid i.

Eli Beate og Håvard Ringstad har ansvar for barnemøtet. Samlinga vert som vanleg avslutta med enkel servering i storsalen.

Alle vel møtt !