Forfatterarkiv:

Søndagsmøte ved Ole Audun Os

Cristo de la Concordia. Foto: NLM/ Espen Ottosen

Søndag 10.11 vert kveldsmøtet ved Ole Audun Os. Det vert nytt frå arbeidet i Sør- Amerika og utsendingane der.

Alle vel møtt !

Misjons og gjenbrukskveld på bedehuset 5.11

                   

Møtet byrjar kl 19.30 og har mykje å by på.

Per Ove Aarseth vil halde andakt og fortelje bakgrunnen til boka om Sveinung Lianes, samt intervjue han. Det blir også nokre glimt frå unge år ved Inge Ulstein, som har kjent Sveinung sidan 12-13 års alderen.

Inge Ulstein og Hareid musikklag vil ta del med song, og det vert misjonsnytt.

Mot slutten av samlinga blir det enkel servering og høve til å kjøpe boka. Overskot av boksalet går til Fjellhaug Internasjonale Høgskole og nærradioarbeid.

Målet med kvelden – så vel som med boka – er stanse opp for noko av det store som Gud har gjort og gjer i vår tid (Apg 14,27). Sveinung Lianes gler seg til å møte gamle og ny kjende.

Alle er hjarteleg velkomne – frå alle kommunane på ytre søre !

Misjonskveld ved Jan Magnus Dybvik 13.10

Møtet søndag 13.10 kl 19.30 blir ved Jan Magnus Dybvik. Han og kona har nyleg kome heim frå nytt opphald i Vest-Afrika og han har mykje å fortelje derifrå, både av gleder og utfordringar. Dybvik har arbeidd i lengre periodar over mange år i området. Der har, som fleire stader i Afrika, vore mykje uro siste åra, og utsendingar og nasjonale medarbeidarar har endra arbeidsmåtar og møteplassar meir enn ein gong.

Denne vinteren reiser Dybvik som forkynnar i region Nordvest NLM og ynskjer å formidle Guds ord og kall til teneste og misjon.

Alle vel møtt !

Levande tru kveldar 8-10.oktober ved Lars Kjetil Emblem

Ulsteinvik Misjonslag NLM inviterer DEG til bibelkveldar på bedehuset, til litt annleis møter. Med Levande tru samlingane ynskjer ein å gå litt meir i djupna på det bibelske stoffet enn ein gjer på eit vanleg møte. Denne gongen er det fokus på dei 10 boda,- Guds gode vilje til beste for oss.

Tidene forandrar seg og vi med dei. Menneska vil nok alltid vera dei same, men på same tid har vi i dag mange nye problemstillingar i høve til t.d. for 50 år sidan.  Å vera kristen handlar om å gjere dei gode vala slik at ein kan få leve i Guds velsigning og vere til velsigning. Gjennom undervisning og samtale vonar vi at desse samlingane skal vere til oppmuntring og hjelp.

Samlingane er tysdag, onsdag og torsdag kl 19.30-21.00. Møta er uformelle der Emblem har ei innleiing til temaet og med påfølgande samtale ved borda over ein varm kopp kaffi/ te og enkel servering.

Vel møtt alle, og inviter gjerne nokon med deg!

Misjonsmøte 8.9 kl 19.30. Nytt frå Stor-Kina

Søndag 8.september er det misjonsmøte på bedehuset med Steinar Dimmen som talar.

Vi får også høyre nytt frå arbeidet i Stor-Kina. Området er NLM sitt eldste misjonsfelt. Kallet til Kina var sjølve årsaka til at NLM vart grunnlagt under namnet Kinamisjonsforbundet, og dei fyrste misjonærene reiste til landet i 1891. Arbeidet i Hongkong og Macao og på Taiwan vart starta som eit resultat av at NLM sine utsendingar måtte forlate fastlands-Kina i 1950, då kommunistene kom til makta, og mange kinesarar flykta til desse områda.

I dag skjer det mykje spennande i området. Kom og høyr meir på møtet !

 

ALLE VEL MØTT !

Misjonsmøte søndag 3.2 ved Ole Os

              

Ole Audun Os er godt kjend av mange i vårt distrikt etter å hatt arbeidsplassen sin mellom unge og eldre Jesus-vener heile sitt vaksne liv. Han har vore vaksenleiar i kor i mykje meir enn 30 år, og held endå på !

Ole formidlar Guds ord på ein konkret måte og vi gler oss til å få eit nytt besøk av han.

Misjonssambandet har arbeid mange stader og i februar høyrer vi nytt frå Etiopia.                        Pr i dag er det 4 utsendingar i Etiopia som har tilknyting til region Nordvest. På møtet får vi aktuelle glimt frå arbeidet der.

Vi avsluttar samlinga med enkel servering.

Alle vel møtt !