Månedlige arkiver: november 2017

Kva trur eg eigentleg på ? Bibelkveldar om trusartiklane

» Levande tru- Bibelen i livet» er eit opplegg med Bibelundervising i NLM Region Nordvest. Det vert undervist i ulike tema frå bøker/ brev i Bibelen, truslære, etikk etc.

Kvart tema går over nokre kveldar, kvar på omlag 1,5 time. Samlinga har ei enkel ramme, der tida vert nytta på undervising/ samtale, gjerne i samspel mellom forkynnar og forsamlinga.

Lars Kjetil Emblem vil ta utgangspunkt i temaet: » Kva trur eg eigentleg på ? Frå dei tre trusartiklane. Møta er tysdag 28.11, onsdag 29.11 og torsdag 30.11. Alle kveldar kl 19.30.

Det blir litt enkel servering ved borda, og misjonsgåve på kvar samling.

Vel møtt !

Søndag 11 ved Per Ove Aarseth

Per Ove Aarseth frå Volda er talar på møtet søndag 26.11. Han er for dei fleste kjend som journalist i NLM sitt blad » Utsyn» og gjennom fleire bøker han har vore forfattar eller medforfattar til. Han reiser også som forkynnar på landsplan i organisasjonen.

På møtet får vi korte glimt frå arbeidet i Vest-Afrika. For barna er det barnemøte i peisestova.

Vel møtt alle !

Bedehusbasaren 28.oktober

Her er trekningsliste for loddbøkene til bedehusbasaren 28.oktober:

Foodsealer – Idunn Roos
Bokpakke – Ingebjørg Oscarson
Gavekort Match – Martha Strand
Dobbelt sengesett – Nikodemus Garshol
Ullpledd – Oddvar Hofseth
Baderomsmatte – Alvhild Dragnes
Dobbelt sengessett krepp – Paul Eikrem
Tulipanvase – Marie Hatløy
Lyslykt – Målfrid Skeide
Gavekort Amfi – Kristbjørg Brandal
Dyne og pute – Kjell Furnes
Dukke m/garderobe – Maria Grasvik
Gåvekort Brudevoll – Heather Kleppestrand
Gåvekort Brudevoll – Kari Aske Osnes
Dokke m/garderobe – Randi S. Moldskred

Gratulerer til vinnarane!